fredag 30. mai 2008

MADSTIPS

Mads seier:
Eg fekk sendt melding om denne makelause tevlinga frå din gamle kollega Christel, og melder meg med dette på her og no. Då eg er frå Romsdalen - Noregs Tyrol, som det heiter i songen - har eg bygd opp eit tippesystem der eg konsekvent trur på 3-1 siger til alpelanda Sveits og Austerrike. Utan direkte kjennskap til vertslanda sine beste menn, satsar eg likevel hundre kroner av mine oppsparte midlar på at Sveits vinn og at dei truleg også har med seg sjølvaste toppskåraren gjennom heile meisterskapet på laget.

Mads seier (19.6.)
Om det har vore ein noko skral poenghaust for min del så langt, ser eg at sluttspelet vil gje meg full utteljing. Då eg tippa ut frå topografiske tilhøve i gruppespelet, der mitt romsdalske hjarte tilsa at alpelanda Sveits og Austerrike skulle få æra av å vere favorittar, ser eg ikkje anna moglegheit enn å gå for Tyskland som vinnar av sluttspelet - grunna dei bayerske lågalpar, sjølvsagt. Ut frå slike ressonemnet, som ofte gjev meir ære enn poeng i EM-tippinga, vil eg også tilrå at det blir kåra ein moralsk vinnar mellom dei som har sendt inn sine beste tips. I alla fall; her kjem mine tips både for Tyskland og dei andre laga - og som du ser legg eg opp til ein klassisk intern finale i det gamle tysk-romerske riket.

7. juni
Sveits-Tsjekkia 3-1
Portugal-Tyrkia 1-0
8. juni
Austerike-Kroatia 3-1
Tyskland-Polen 3-1
9. juni
Romania-Frankrike 1-0
Nederland-Italia 1-2
10. juni
Spania-Russland 1-1
Hellas-Sverige 2-1
11. juni
Tsjekkia-Portugal 0-1
Sveits-Tyrkia 3-1
12. juni
Kroatia-Tyskland 1-3
Austerrike-Polen 3-1
13. juni
Italia-Romania 0-0
Nederland-Frankrike 0-0
14. juni
Sverige-Spania 0-1
Hellas-Russland

15. juni
Tyrkia-Tsjekkia 1-4
Sveits-Portugal 3-1
16. juni
Polen-Kroatia 2-2
Austerrike-Tyskland 3-3
17. juni
Frankrike-Italia 1-2
Nederland-Romania 1-1
18. juni
Russland-Sverige 3-1
Hellas-Spania 0-2


Kvartfinaler:
Portugal-Tyskland 1-3
Kroatia-Tyrkia 2-1
Nederland-Russland 3-2
Spania-Italia 1-2

Semifinaler:
Tyskland-Kroatia 3-2
Holland-Italia 1-2

Finale:
Tyskland-Italia 2-1

Vinnar: Sveits
Tapande finalist: Austerrike
Bronselaget: Tyskland
Toppskårar: Nr. 10 med sveitsisk drakt. Truleg frå den tyskspråklege delen av landet.

Ingen kommentarer: