søndag 29. juni 2008

DAG 18

Ikkje uventa vart det Gjert som vann, og han gjorde det med stil. Før EM tippa han spansk gull og tysk sylv, og då han tippa sluttspelet rekna han like godt med at Spania vann finala 1-0 (rett nok mot Portugal, men likevel). Me tek av oss hatten.

Slik ser det ut:
34 poeng: Gjert
31 poeng: Biff Loman
28 poeng: Odd Martin
23 poeng: Eirik, Jens Johan, Kukola
19 poeng: Bodvar, Kjetil
18 poeng: Frode
16 poeng: Arnfinn, Torstein
15 poeng: Magnus
14 poeng: Miniballe
13 poeng: Mads
12 poeng: Marit
10 poeng: Christel

Det kjem ein e-post om ikkje lenge.

lørdag 28. juni 2008

INNSPURTEN

Eg sveipa gjennom tipsa til kvar og ein, og noterte maksimal poengsum for dei einskilde. For kvart av spørsmåla i det fyrste skjemaet de fekk, der de tippa vinnar og finaletapar og toppskårar, får de fem poeng viss svara er rette.

Den lista ser slik ut:

38 poeng: Biff Loman
36 poeng: Gjert
32 poeng: Eirik
30 poeng Odd Martin
29 poeng: Kjetil
25 poeng: Jens Johan, Magnus
24 poeng: Mads
23 poeng: Kukola
21 poeng: Torstein
19 poeng: Bodvar
18 poeng: Arnfinn,
17 poeng: Miniballe

13 poeng: Frode
10 poeng: Christel
9 poeng: Marit

Biffen har 25 poeng før siste kamp, slik at det i alt er sju personar som kan få minst 25 poeng. Det er ikkje det same som at sju personar kan vinna - viss Odd Martin får 8 poeng og kjem opp i 30 poeng, har Biffen fått minst 6 poeng, og er oppe i 31. Men viss Biffen får dei 6 poenga, for å tippa Spania som meister før EM, og for å tippa rett finalevinnar i sluttspeltipset, får Gjert 11 poeng, for å ha tippa Spania som meister og Tyskland som tapande finalist før EM, og for å tippa rett finalevinnar i sluttspeltipset. Begge har Torres som toppskårar, så det ser ut som om Gjert har overtaket. Viss Spania vinn, har Biffen eitt einaste håp: At det står 1-1 etter full tid.

Av dei andre som kan få minst 25 går Eirik forbi Biffen viss Spania tapar finala, slik han tippa før EM. Kjetil dreg inn seks poeng viss Tyskland vinn, og fem til viss Klose vert toppskårar. Viss Spania vinn 2-0 er Jens Johan oppe i 25 poeng, og Magnus får same summen viss Tyskland vinn og Klose vert toppskårar.

Tips herfrå? Det er rimeleg opplagt at det står mellom Biffen, Gjert, Eirik og Kjetil. Eg tippar Gjert.

fredag 27. juni 2008

DAG 17

Slik ser det ut med ein kamp att:

25 poeng: Biff Loman
23 poeng: Kukola
22 poeng: Eirik, Odd Martin
21 poeng: Gjert
19 poeng: Bodvar, Kjetil
17 poeng: Jens Johan
16 poeng: Arnfinn, Torstein
15 poeng: Magnus
13 poeng: Frode, Mads
10 poeng: Christel
9 poeng: Marit, Miniballe


Eg skulle gjerne hatt tid til å analysera dette, og til å opplysa om at både Øystein og Alfred truleg leverer sine tips før finala er over, men det har eg ikkje tid til før ein annan dag.

mandag 23. juni 2008

DAG 15 og 16

Då var me endeleg ferdig med kvartfinalene. Eg vonar det vert hakket meir interessante kampar i semifinalene. Før dei tre siste kampane er det litt uoversiktleg, sidan Bodvar, Christel, Magnus og Miniballe framleis ikkje har levert tips for kvartfinalene. Det kan difor henda at ein eller fleire av dei får tolv poeng meir enn dei har på lista under, men så langt ser det heile slik ut:

24 poeng: Biff Loman
22 poeng: Kukola
21 poeng: Odd Martin
20 poeng: Eirik, Gjert
19 poeng: Bodvar
17 poeng: Kjetil
16 poeng: Arnfinn, Jens Johan, Torstein
15 poeng: Magnus
13 poeng: Frode
10 poeng: Christel, Mads
8 poeng: Marit
7 poeng: Miniballe


Med berre tre kampar igjen er det råd å fundera litt på sjansane dei ulike har. Torstein har til dømes stelt seg slik at han ikkje har eitt einaste lag i semifinalene, slik at det vert få poeng på han der. Finala kan likevel verta interessant for han, sidan han har tippa at Tyskland vinn heile greia.

Biffen har både Spania og Russland vidare, og har Spania som vinnar av heile greia. Kukola kan ta han att, viss Tyrkia tapar 1-3 for Tyskland, men det er òg einaste måten det kan skje. Odd Martin skal slita for å ta att Biffen - han har og Spania vidare, og Spania som meistrar, men viss han får poeng for dei tipsa, får òg Biffen poeng for dei same. Største trugsmålet mot Biffen kjem difor frå Frode, som av prinsipp tippar det motsette av Kukola, og difor er den einaste med tre lag vidare. Før EM tippa han at Spania, som er det motsette av Portugal, vinn; kvartfinaletipsa til Kukola førte til at Frode sat att med Russland som meister. Eirik overraskar med å vera einaste som kan ha to lag i finala, der han trur at Spania slår Tyskland 3-2.

Oppdatering: Miniballe har levert tips, og er så langt den einaste med fire lag i semifinala. Han kunne såleis vore ei lei nøtt å knekkja, men for å sikra seg sisteplassen har han likegodt drite i å tippa alle kvartfinalene.

fredag 20. juni 2008

DAG 14

Endeleg ein dag med retteleg gladfotball.

To viktige hendingar: Kukola var einaste med poeng i dag - ikkje rett resultat, men rett vinnar. Den andre endringa i høve til i går er at Arnfinn i dag melde at han hadde sendt feil e-post i går. I e-posten han hadde tenkt å senda var tipset Tyskland-Portugal 3-2. Han får difor 3 poeng, og han har alt meldt at han ikkje er heilt sikker på om han sende rett e-post i dag. Det kan difor henda at han tippa 0-0 idag, med tyrkisk siger etter straffar, slik at han kan få endå fleire poeng.

22 poeng: Biff Loman, Kukola
20 poeng: Odd Martin
19 poeng: Bodvar, Eirik, Gjert
16 poeng: Jens Johan, Kjetil, Torstein
15 poeng: Arnfinn, Magnus
11 poeng: Frode
10 poeng: Christel, Mads
7 poeng: Miniballe
5 poeng: Marit


Neste oppdatering her vert ikkje før måndag. Eg fer visst til Nordmøre i helga, og der er det a) hjelpelause bloggetilhøve, og b) skremmande låg interesse for fotball-EM.

DAG 13

I dag har det naturleg nok kome ein del nye tips. Nokre er gode, andre er mindre gode. At Tyskland koste seg vidare kom merkeleg nok som ei bombe på opptil fleire - seks tipparar trudde like godt at Portugal skulle koma heilt til finala.

Det er ikkje rare endringane frå i går, sidan det berre vart spela ein kamp i dag, men stillinga er i alle fall slik no:
22 poeng: Biff Loman
21 poeng: Kukola
20 poeng: Odd Martin
19 poeng: Bodvar, Eirik, Gjert
16 poeng: Kjetil, Torstein
15 poeng: Jens Johan, Magnus
12 poeng: Arnfinn
11 poeng: Frode
10 poeng: Christel, Mads
7 poeng: Miniballe
5 poeng: Marit


Denne lista vil truleg endra seg når Bodvar, Christel, Jens Johan, Magnus og Miniballe leverer tips for sluttspelet. Minst fire av dei bør ha innsikt nok til å tippa 3-2 til Tyskland i den fyrste kvartfinala.

Viss Tyrkia slår Kroatia i morgon, vert Kukola den einaste i panelet som jublar.

onsdag 18. juni 2008

DAG 12

Folkerekkja slo til igjen. Slik er stillinga før kvartfinalene:

22 poeng: Biff Loman
21 poeng: Kukola
20 poeng: Odd Martin
19 poeng: Bodvar
18 poeng: Eirik, Gjert
16 poeng: Torstein
15 poeng: Jens Johan, Kjetil, Magnus
12 poeng: Arnfinn
10 poeng: Christel, Frode
9 poeng: Mads
7 poeng: Miniballe
4 poeng: Marit


Før EM fekk dei som såg ut som fotballkjennarar minus ti poeng, slik at det heile skulle verta jamnare. To av dei tre, Miniballe og Eirik, tippa høvesvis Tsjekkia og Frankrike som meistrar. Slik vankunne viser at fotballkunna likevel er sterkt skrantande, og dei får difor att desse poenga. Den einaste med stor fotballkunne er difor Marit.

Gallupen til høgre viste at to personar held Bodvar som favoritt, éin har tru på Frode, medan resten er helst likesæle til heile greia. Ny gallup er på plass.

Om ikkje altfor mange timane kjem det skjema for resten av EM. Det er berre sju kampar, så det skulle gå relativt fort å fylla det ut. Det er til dels positivt dersom skjemaet vert levert inn før kvart på ni i morgon.

Sidene med tips vert oppdaterte etter kvart som det er noko poeng å gjera det.