torsdag 12. juni 2008

DAG 6

Viss det er tippinga til Jens Johan som er malen, fekk me to nye uventa resultat i dag. Ser ein på alle dei andre tipsa, stemmer det visst at resultata var uventa. Relativt få hadde tru på Kroatia, medan relativt mange trudde at Polen kom til å vinna 1-0. Slik gjekk det altså ikkje, slik at det trutnar i toppen.

Nedst på lista ser me at Miniballe sankar poeng jamt og trutt.

Nyare forsking viser at det er endå eit dekknamn på lista. Filip er relativt sugen på eit ostefat, og har difor meldt seg på under namnet Christel.

14 poeng: Kukola
12 poeng: Bodvar
11 poeng: Gjert, Torstein
10 poeng: Odd Martin
9 poeng: Arnfinn, Biff Loman, Jens Johan, Kjetil
7 poeng: Christel, Magnus
4 poeng: Frode
3 poeng: Mads
-1 poeng: Eirik
-4 poeng: Marit
-9 poeng: Miniballe

1 kommentar:

Anonym sa...

Uventa resultat du liksom.