lørdag 7. juni 2008

DAG 1

EM er i gang, med to ekstremt langdryge kampar, der favorittane vann. Stillinga er slik etter den fyrste dagen:

6 poeng: Arnfinn
4 poeng: Biff Loman, Bodvar, Kjetil
3 poeng: Kukola
2 poeng: Christel, Gjert, Jens Johan
1 poeng: Mads, Magnus, Torstein
0 poeng: Frode, Odd Martin
- 6 poeng: Eirik

- 10 poeng: Marit


Alle innleverte tips ligg på lageret til høgre, slik at alle lett kan finna ut kva andre har tippa. Viss nokon vil endra tipsa sine, kan dei logga seg på oppe til høgre, og gjera nett som dei vil.

EM-tipping er ei kunnskapstevling. I EM vert det ikkje spelt bronsefinaler, slik at dei som har tippa på eit bronselag, truleg veit lite eller ingenting om fotball. Ingen av dei to store fotballkjennarane som er med, Marit og Eirik, har tippa noko bronselag. For at dei ikkje skal verta altfor dominerande utover i tippetevlinga, startar begge med minus 10 poeng.

Og sidan det er ei kunnskapstevling tevlar sjølvsagt gutane og jentene kvar for seg. I guteklassa betalar alle 100 kroner til vinnaren; i jenteklassa spleiser alle på eit anretningsfat for ost og kjeks. For at alle skal få med seg heilskapen vert likevel alle deltakarane presenterte samla i dei daglege resultatoversyna.

Kjartan stiller i år under namnet Kukola, slik at ingen skal skjøna kven han er. Av same grunn stiller Stein Inge under namnet Biff Loman. Viss andre vil stilla under dekknamn, må dei snarast ta kontakt.

Dei som har spørsmål eller kommentarar kan bruka innspelfelta rett under meldinga.

2 kommentarer:

Anonym sa...

For dei som likar å heie på favorittar var gårdagen ein god dag.

Eg melder med dette frå om at eg vil stille under tilnamnet frode, så ingen skal skjøne kven eg er.

Kunnskap om fotball, er det naudsynt? Eg har jo berre satsa på at kukola ikkje har peiling og at det skal vera nok å tippe det motsette av han. Eg treng vel ikkje å ha kunnskap om fotball for å ha ein slik strategi?

guffen sa...

akkurat ved denne strategien er det viktigare å ha kunnskap om kukola.