søndag 29. juni 2008

DAG 18

Ikkje uventa vart det Gjert som vann, og han gjorde det med stil. Før EM tippa han spansk gull og tysk sylv, og då han tippa sluttspelet rekna han like godt med at Spania vann finala 1-0 (rett nok mot Portugal, men likevel). Me tek av oss hatten.

Slik ser det ut:
34 poeng: Gjert
31 poeng: Biff Loman
28 poeng: Odd Martin
23 poeng: Eirik, Jens Johan, Kukola
19 poeng: Bodvar, Kjetil
18 poeng: Frode
16 poeng: Arnfinn, Torstein
15 poeng: Magnus
14 poeng: Miniballe
13 poeng: Mads
12 poeng: Marit
10 poeng: Christel

Det kjem ein e-post om ikkje lenge.

5 kommentarer:

Anonym sa...

dette var litt som å stjele sukkertøy frå ungar, noko som alle veit er slikt som eg ikkje vegrar meg for

Anonym sa...

Eg vil nytt høvet til å takke kukola for godt samarbeid. Strategien med å velje det motsette av sjarlatanen ga meg om lag like mange poeng som han. Eg vil også få takke besten, som gjorde dette mogleg.

Anonym sa...

eg bøyer meg i forballstøvet. eg trudde faktisk at no som banano var ute av konkuransen så hadde eg ein liten sjanse til å vinne dette her, men eg gløymde gjerten. gjert: du fer denne sigeren i brudlaupsgåve.

frode sa...

Her høver det bra å orsake at Valdres FK slo Voss i cupen i dag. Veldig uheldig for balansen mellom sport og kultur i lokalavisa vår.

guffen sa...

du treng ikkje be om orsaking. dette var ei retteleg gladmelding.