fredag 13. juni 2008

DAG 7

ein ny dag der alt gjekk etter planen - planen til biffen. i alt vart det delt ut sju poeng i dag, og fire av dei gjekk til biffen.

sjølv er eg på ferie hjå besten og besto på voss saman med far min og tpen, slik at mor mi skal få sova litt. her er fjernsynet oppteke med viktigare ting, som 20 spørsmål og detektimen, slik at eg heller ikkje i dag fekk sjå festfotballen til nederland. med litt flaks går dei vidare.

gallupen til høgre viste forresten at eit overveldande fleirtal hadde tru på at frode går til topps i dameklassa, med 8 av 11 leverte røyster. christel fekk 1 røyst, medan 2 personar hadde tru at ingen av kandidatane fekk poeng. ny gallup i dag - kven vinn herreklassa?

14 poeng: Kukola
13 poeng: Biff Loman
12 poeng: Bodvar
11 poeng: Gjert, Torstein
10 poeng: Odd Martin
9 poeng: Arnfinn, Jens Johan, Kjetil
7 poeng: Christel, Magnus
5 poeng: Frode
4 poeng: Mads
-1 poeng: Eirik
-4 poeng: Marit
-8 poeng: Miniballe

Ingen kommentarer: