fredag 20. juni 2008

DAG 14

Endeleg ein dag med retteleg gladfotball.

To viktige hendingar: Kukola var einaste med poeng i dag - ikkje rett resultat, men rett vinnar. Den andre endringa i høve til i går er at Arnfinn i dag melde at han hadde sendt feil e-post i går. I e-posten han hadde tenkt å senda var tipset Tyskland-Portugal 3-2. Han får difor 3 poeng, og han har alt meldt at han ikkje er heilt sikker på om han sende rett e-post i dag. Det kan difor henda at han tippa 0-0 idag, med tyrkisk siger etter straffar, slik at han kan få endå fleire poeng.

22 poeng: Biff Loman, Kukola
20 poeng: Odd Martin
19 poeng: Bodvar, Eirik, Gjert
16 poeng: Jens Johan, Kjetil, Torstein
15 poeng: Arnfinn, Magnus
11 poeng: Frode
10 poeng: Christel, Mads
7 poeng: Miniballe
5 poeng: Marit


Neste oppdatering her vert ikkje før måndag. Eg fer visst til Nordmøre i helga, og der er det a) hjelpelause bloggetilhøve, og b) skremmande låg interesse for fotball-EM.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Eg har byrja å bli usikker på om eg eigentleg meinte å stemme det same som kukola, ikkje det motsette.

guffen sa...

Snakkar du her om valet i 1991, då han vart vald inn i innlandsfiskenemnda i Voss kommune?