mandag 23. juni 2008

DAG 15 og 16

Då var me endeleg ferdig med kvartfinalene. Eg vonar det vert hakket meir interessante kampar i semifinalene. Før dei tre siste kampane er det litt uoversiktleg, sidan Bodvar, Christel, Magnus og Miniballe framleis ikkje har levert tips for kvartfinalene. Det kan difor henda at ein eller fleire av dei får tolv poeng meir enn dei har på lista under, men så langt ser det heile slik ut:

24 poeng: Biff Loman
22 poeng: Kukola
21 poeng: Odd Martin
20 poeng: Eirik, Gjert
19 poeng: Bodvar
17 poeng: Kjetil
16 poeng: Arnfinn, Jens Johan, Torstein
15 poeng: Magnus
13 poeng: Frode
10 poeng: Christel, Mads
8 poeng: Marit
7 poeng: Miniballe


Med berre tre kampar igjen er det råd å fundera litt på sjansane dei ulike har. Torstein har til dømes stelt seg slik at han ikkje har eitt einaste lag i semifinalene, slik at det vert få poeng på han der. Finala kan likevel verta interessant for han, sidan han har tippa at Tyskland vinn heile greia.

Biffen har både Spania og Russland vidare, og har Spania som vinnar av heile greia. Kukola kan ta han att, viss Tyrkia tapar 1-3 for Tyskland, men det er òg einaste måten det kan skje. Odd Martin skal slita for å ta att Biffen - han har og Spania vidare, og Spania som meistrar, men viss han får poeng for dei tipsa, får òg Biffen poeng for dei same. Største trugsmålet mot Biffen kjem difor frå Frode, som av prinsipp tippar det motsette av Kukola, og difor er den einaste med tre lag vidare. Før EM tippa han at Spania, som er det motsette av Portugal, vinn; kvartfinaletipsa til Kukola førte til at Frode sat att med Russland som meister. Eirik overraskar med å vera einaste som kan ha to lag i finala, der han trur at Spania slår Tyskland 3-2.

Oppdatering: Miniballe har levert tips, og er så langt den einaste med fire lag i semifinala. Han kunne såleis vore ei lei nøtt å knekkja, men for å sikra seg sisteplassen har han likegodt drite i å tippa alle kvartfinalene.

3 kommentarer:

Anonym sa...

kan eg framleis levere inn tips for grunnspelet? trur eg har ei god vinnarrekkje klar og kjenner meg nokså trygg på kva resultat eg skal tippe der. leverer inn tipsa for sluttspelet etter finalen på sundag

guffen sa...

Nja, etter finala kan vel vera i seinaste laget. Greier du å få det ferdig til midten av andre omgang?

Anonym sa...

Gallupen drit i meg.